Nedenfor vises oversikt over og mer informasjon om søknader, tillatelser og rapportering som gjelder for mineralvirksomhet på Svalbard.

Alle personar eller selskap som vil drive prospektering på Svalbard, må ha søkjesetel. Det er krav om søkjesetel for den som vil leite på annan manns eigedom eller på statleg eigedom (bvo § 7)

Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard skriv ut søkjesetlar som er gyldige i to år, og som gir rett til å drive prospektering i samsvar med dei lovene og reglane som gjeld for Svalbard.

For større undersøkingsarbeid er det ofte krav om løyve etter svalbardmiljølova.

Melding om funnpunkt for kol, petroleum, mineral og bergartar som blir vunne ut gjennom bergverksdrift etter bergverksordninga for Svalbard, må sendast til Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard seinast ti månader etter at funnpunkta er merkte av i felten (bvo. § 9.1).

Bergverksordninga er basert på prinsippet om at den som først finn ein ressurs, får retten til han. Den som først oppdagar mineral- eller bergartsressursen, merkjer han av i terrenget med to vitne til stades, sender skriftleg melding til DMF i løpet av ti månader og kan dermed få einerett til å utnytte ressursen. Saman med meldinga om funnpunkt skal ein sende ei prøve av funnet til Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard, slik at direktoratet kan vurdere om materialet er av ein slik type at funnstaden kan godkjennast for mogleg bergverksdrift. Det blir brukt eit eige skjema til melding om funnpunkt.

Når det gjeld prospektering etter hydrokarbon, har Industridepartementet (i dag Nærings- og fiskeridepartementet) avgjort at geologisk materiale som viser at det truleg kan finnast hydrokarbon i området, kan bli godteke i staden for funnpunktprøve.

Last ned skjema for anmeldelse av funnpunkt (PDF)

Ved tildeling av utmål får ein rett til å utvinne mineral og bergartar som finst innanfor grensene av utmålet.

Krav om utmål må ein sende til Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard seinast fem år etter at funnpunktet er merkt i terrenget – elles mistar ein retten til funnet. Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard har då to år på seg til å vurdere søknaden, synfare funnpunktet og kontrollere ressursen.

Eit utmål kan ha eit maksimumsareal på 10 km².

Eit krav om utmål skal innehalde

  • referanse til funnpunktet ein krev utmål på
  • kart med forslag til utmålsgrense
  • kvittering for betalt behandlingsgebyr

Når ein sender inn krav om utmål, skal ein betale eit behandlingsgebyr på kr 6000 per utmål og kr 2500 for kvart utmål i tillegg når utmåla ligg i same trakt og krava blir sende på same tid, jf. bergverksordninga § 11.3.

Utmålsforretning
Tildeling av utmål skjer ved utmålsforretning. Under utmålsforretninga avgjer Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard om søkjaren har rett til å få utmål, og utmålet blir nærare definert. Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard fører protokollar frå utmålsforretninga og skriv ut utmålsbrev.

Resultatet av utmålsforretninga blir offentleg kunngjort.

Utmål blir i utgangspunktet endelege seks månader etter kunngjeringa, med mindre det er reist søksmål i løpet av denne seksmånadersperioden. Søkjaren har då fått eineretten til å utvinne mineral og bergartar som finst innanfor grensene av utmålet, så sant han overheld forpliktingane om drifts- og arbeidsplikt i bergverksordninga § 15.

Arbeidsplikt
Utmålshavaren pliktar å setje i gang bergverksarbeid/-drift innanfor utmålet seinast 4–5 år etter at utmålet blei endeleg. Bergverksordninga § 15 skildrar dette nærare. Oppfølging av arbeidsplikt i utmål blir rapportert årleg til Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard.

For kvart utmål må det i løpet av ein femårsperiode utførast 1500 dagsverk.

Når arbeidsplikta trer inn, må utmålshavaren rapportere årleg til Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard om kor mange dagsverk som er utførte i utmålet frå 1. oktober det eine året til 30. september det neste.

Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard kontrollerer og protokollfører oppfølging av arbeidsplikt i utmål.

Etter søknad frå utmålshavaren kan Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard gi innstilling til Nærings- og fiskeridepartementet i saker om dispensasjon frå arbeidsplikta.

Større undersøkingsarbeid krev ofte løyve etter svalbardmiljølova. Oppstart av drift krev alltid løyve etter svalbardmiljølova. Begge desse søknadene skal gå til Sysselmeisteren.

Større undersøkingsarbeid
For å kunne gjere større undersøkingsarbeid må ein ofte ha løyve etter svalbardmiljølova. Søknaden skal gå til Sysselmeisteren. Dersom det er krav om konsekvensutgreiing, fastset Sysselmeisteren på Svalbard utgreiingsprogram i samråd med Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard. Sysselmeisteren gir også eventuelle løyve og fastset eventuelle vilkår.

Oppstart av drift
Oppstart av drift krev løyve etter svalbardmiljølova. Sysselmeisteren fastset utgreiingsprogram etter svalbardmiljølova i samråd med Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard. Sysselmeisteren gir også eventuelle løyve og fastset eventuelle vilkår.