Navigasjonssti
HjemRegional planlegging
Samfunnet har behov for store mengder mineralske råstoff for å fungere. Det meste av dette blir teke ut frå fast fjell.
Det er vanleg å skilje mellom fem ulike grupper mineralske råstoff:
- industrimineral, som kalkstein, olivin, kvarts, grafitt og dolomitt
- naturstein, som larvikitt, granitt, marmor, skifer og murestein
- byggjeråstoff, som leire, sand, grus, pukk og offshorestein
- metalliske malmar, som jern, nikkel, titan og molybden
- energimineral, som steinkol, uran og thorium
Dette er heilt nødvendige råstoff som inngår i kvardagen vår. Eit moderne samfunn kan ikkje klare seg utan bruk av mineral – til dømes jern til stål, kalkstein til sement og papir, pukk til vegar, sand til betong og steinkol i metallurgisk industri og som energiråstoff.
Minerala er ujamt fordelte geografisk, og tilgangen til dei ulike mineralressursane kan vere avgrensa. Særleg når det gjeld byggjeråstoff som sand, grus og pukk, vil lokalisering av ressursar vere svært viktig for utnyttinga, som for eksempel nærleik til forbruksområder.
Byggjeråstoff
Kvar person i landet forbrukte i 2022 i gjennomsnitt om lag 16 tonn byggjeråstoff. I løpet av eit heilt liv svarar det til eit forbruk på om lag 1200 tonn.
I mange kommunar er tilgangen til byggjeråstoff knapp, eller kan bli det i nær framtid. Det er fleire grunnar til dette, men stort forbruk og nedbygging av førekomstar er dei viktigaste årsakene. Særleg gjeld dette områdar nær byar og tettstader. Resultatet er at byggjeråstoffa må bli transporterte over stadig lengre avstandar for å dekkje behovet. Allereie ved avstandar på meir enn 30–40 km kan transportkostnaden langs veg bli større enn materialkostnaden. Derfor er det svært viktig at behovet for byggjeråstoff blir dekt med ressursar som ligg nærast mogleg forbruksstadene.
Også kvalitet og eigenskapar ved ressursane er avgjerande for bruken av byggjeråstoffa. For dei ulike bruksområda blir det stilt krav om til dømes mekanisk styrke og slitasjemotstand. Vidare kan dei enkelte førekomstane innehalde uran/thorium, tungmetall og arsen, som kan vere skadeleg for menneske dersom verdiane er for høge. Ressursar i ein del førekomstar kan dermed ha færre bruksområde.
Dei viktigaste og mest brukande ressursane bør derfor bli sikra som framtidige uttaksområde, og for uttak som er i drift, bør ein sikre at ressursutnyttinga er så optimal som mogleg.
Område for masseuttak skal vurderast opp mot anna arealutnytting. Uttak av mineralressursar kan ha negative konsekvensar for nærmiljø og naturmangfald. Det kan derfor vere ei utfordring å leggje til rette for tilgang til mineralressursar samtidig som ein skal sørgje for omsynet til andre utbyggingsføremål, natur og nærmiljø.
Det er mange omsyn å ta i forvaltninga av mineralske råstoff. Regional planlegging er eit viktig bidrag for å sikre ei god og langsiktig forvaltning, og særleg viktig er dette i forvaltninga av byggjeråstoff.
God regional planlegging tek utgangspunkt i kvar mineralråstoffa er lokaliserte, kva for kvalitetar og eigenskapar dei har, kva for moglegheiter som finst for å transportere dei til større marknader, og kva konsekvensane for miljø og samfunn kan vere.
Masseforvaltningsplanar
Fleire kommunar har etter kvart sett at langsiktig forvaltning og sikring av tilgangen til nødvendige mineralressursar og handtering av overskotsmassar vil bli viktig. Gjennom masseforvaltningsplanar er det relevant at forvaltning og uttak av mineralressursar blir vurdert i samanheng med deponering av overskotsmassar og massebalanse i store utbyggingsprosjekt. Dette går også fram i Nasjonale forventningar til kommunal og regional planlegging.
Masseforvaltningsplanar kan utarbeidast både på kommunalt og på regionalt nivå.