Utmål

Ved tildeling av utmål får ein rett til å utvinne mineral og bergartar som finst innanfor grensene av utmålet.

Krav om utmål må ein sende til Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard seinast fem år etter at funnpunktet er merkt i terrenget – elles mistar ein retten til funnet. Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard har då to år på seg til å vurdere søknaden, synfare funnpunktet og kontrollere ressursen.

Eit utmål kan ha eit maksimumsareal på 10 km².

Eit krav om utmål skal innehalde

  • referanse til funnpunktet ein krev utmål på
  • kart med forslag til utmålsgrense
  • kvittering for betalt behandlingsgebyr

Når ein sender inn krav om utmål, skal ein betale eit behandlingsgebyr på kr 6000 per utmål og kr 2500 for kvart utmål i tillegg når utmåla ligg i same trakt og krava blir sende på same tid, jf. bergverksordninga § 11.3.

Utmålsforretning

Tildeling av utmål skjer ved utmålsforretning. Under utmålsforretninga avgjer Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard om søkjaren har rett til å få utmål, og utmålet blir nærare definert. Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard fører protokollar frå utmålsforretninga og skriv ut utmålsbrev.

Resultatet av utmålsforretninga blir offentleg kunngjort.

Utmål blir i utgangspunktet endelege seks månader etter kunngjeringa, med mindre det er reist søksmål i løpet av denne seksmånadersperioden. Søkjaren har då fått eineretten til å utvinne mineral og bergartar som finst innanfor grensene av utmålet, så sant han overheld forpliktingane om drifts- og arbeidsplikt i bergverksordninga § 15.

Arbeidsplikt

Utmålshavaren pliktar å setje i gang bergverksarbeid/-drift innanfor utmålet seinast 4–5 år etter at utmålet blei endeleg. Bergverksordninga § 15 skildrar dette nærare. Oppfølging av arbeidsplikt i utmål blir rapportert årleg til Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard.