Ressursforvaltning - DMFs ansvar og rolle
Norge har betydelege mineralressursar og DMF sin primære oppgåve er å arbeide for at desse blir forvalta og utnytta til det beste for samfunnet.
Mineralressursar er ikkje-fornybare naturressursar, og DMF skal bidra til økt verdiskaping gjennom å leggje til rette for langsiktig, forsvarleg og berekraftig ressurstilgang. Eit viktig verkemiddel i dette arbeidet er gi innspel til regional og kommunal planbehandling for å hindre nedbygging av viktige mineralressursar til ulike arealformål. Det same gjeld for tiltak som blir behandla etter ulike sektorlover, som blant anna i vernesaker eller ved kraftutbygging.
Vi gjer i tillegg fagleg rettleiing i samband med regulering av område for råstoffutvinning, for ein mest mogleg effektiv og berekraftig utnytting av ressursen.