DMF på Svalbard
Bergmeisteren for Svalbard blei i 2003 slått saman med Bergvesenet. Samtidig blei namnet på etaten endra til Bergvesenet med Bergmeisteren for Svalbard. Frå 1. januar 2010 blei namnet endra til Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard.
Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard har avdelingskontor på Svalbard, og dette er ope delar av året.
Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard har desse oppgåvene som er knytte til bergverksordninga for Svalbard
- Tildeling av søkjesetel
- Registrering av melding om funnpunkt
- Tildeling av utmål og kontroll med dei
- Tilsyn med bergverksaktivitet på Svalbard
Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard tilbyr også rådgiving til interesserte og oversikter over funn og ressursar av geologisk art på Svalbard.
Svalbardtraktaten og bergverksordninga for Svalbard
Svalbardtraktaten blei signert av fleire land i 1920 og gir Noreg suverenitet over Svalbard (Spitsbergen og øyane omkring), Bjørnøya og Hopen. Svalbardtraktaten blei sett i kraft 14. august 1925, og ifølgje lov av 17. juli 1925 er Svalbard ein del av Kongeriket Noreg. Land som har signert traktaten, har same rett som norske borgarar til å drive industri, bergverk, fiske og fangst, og maritim og kommersiell verksemd i det aktuelle området. Per i dag er det 42 land som har signert traktaten.
I Svalbardtraktaten blei Noreg pålagt å utarbeide ei bergverksordning for Svalbard. Bergverksordninga for Svalbard blei godkjend ved kongeleg resolusjon 7. august 1925 og regulerer korleis ein tileignar seg rettar til naturlege reservar av kol, jordoljar, andre mineral og bergartar, og korleis drifta skal vere ordna. Bergverksordninga gjeld for heile Svalbard.
Distriktet til Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard omfattar Svalbard og Jan Mayen, men på Jan Mayen gjeld minerallova som på fastlandet.
Søkjesetel
Alle som vil drive prospektering på Svalbard, må ha søkjesetel. Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard skriv ut søkjesetlar som er gyldige i to år, og som gir rett til å drive prospektering i samsvar med dei lovene og reglane som gjeld for Svalbard.
Les meir om søkjesetel
Melding om funn
Bergverksordninga er basert på prinsippet om at den som først finn ein ressurs, får retten til han. Den som først oppdagar ressursen, merkjer han av i terrenget med to vitne til stades, sender skriftleg melding til Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard i løpet av ti månader og kan dermed få einerett til å utnytte ressursen. Saman med meldinga om funnpunkt skal ein sende ei prøve av funnet til Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard, slik at direktoratet kan vurdere om materialet er av ein slik type at funnstaden kan godkjennast for mogleg bergverksdrift.
Når det gjeld prospektering etter hydrokarbon, har Industridepartementet (i dag Nærings- og fiskeridepartementet) avgjort at geologisk materiale som viser at det truleg kan finnast hydrokarbon i området, kan bli godteke i staden for funnpunktprøve.
Skjema for anmeldelse av funnpunkt.
Utmål
Ved tildeling av utmål får ein rett til å utvinne mineral og bergartar som finst innanfor grensene av utmålet. Krav om utmål må ein sende til Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard seinast fem år etter at funnpunktet er merkt i terrenget – elles mistar ein retten til funnet. Bergmeisteren har då to år på seg til å vurdere søknaden, synfare funnpunktet og kontrollere ressursen.
Tildeling av utmål skjer ved utmålsforretning. Under utmålsforretninga avgjer Bergmeisteren om søkjaren har rett til å få utmål, og utmålet blir nærare definert. Bergmeisteren fører protokollar frå utmålsforretninga og skriv ut utmålsbrev.
Resultatet av utmålsforretninga blir offentleg kunngjort.
Utmål blir i utgangspunktet endelege seks månader etter kunngjeringa, med mindre det er reist søksmål i løpet av denne seksmånadersperioden. Søkjaren har då fått retten til å utvinne mineral og bergartar som finst innanfor grensene av utmålet, så sant han overheld forpliktingane om drifts- og arbeidsplikt i bergverksordninga § 15.
Les meir om utmål
Arbeidsplikt
Utmålshavaren pliktar å setje i gang bergverksarbeid/-drift innanfor utmålet seinast 4–5 år etter at utmålet blei endeleg. Bergverksordninga § 15 skildrar dette nærare.
Les meir om arbeidsplikt og årleg rapportering.