Søkjesetel
Alle personar eller selskap som vil drive prospektering på Svalbard, må ha søkjesetel.
Det er krav om søkjesetel for den som vil leite på annan manns eigedom eller på statleg eigedom (bvo § 7).
Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard skriv ut søkjesetlar som er gyldige i to år, og som gir rett til å drive prospektering i samsvar med dei lovene og reglane som gjeld for Svalbard.
For større undersøkingsarbeid er det ofte krav om løyve etter svalbardmiljølova.