Knapphus i Vindafjord kommune - driftskonsesjon

Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard (DMF) har motteke søknad om driftskonsesjon etter minerallova § 43 frå Ottar Skjold Maskin AS med org. nr. 985 792 852, for uttak på del av gbnr. 119/44 i Vindafjord kommune.

Areal det er søkt om er på ca. 66 daa og kjem fram av kart som er ein del av høyringsvedlegga. Det er anslått eit årleg uttak av byggjeråstoff på om lag 50 000 m3 og totalt uttak på om lag 535 000 m3.

Området er regulert til næringsbebyggelse i plan «Detaljregulering for Knapphus næringsområde» med planID 1160_1160-98-12. Opphaveleg reguleringsplan vart vedteke 15.12.1998, den gang med eit område regulert til steinbrot. Reguleringsplanen ble vedteke med endring 10.12.2024, der blant anna føremålet steinbrot vart omregulert til næringsbebyggelse. I samsvar med reguleringsføresegn punkt 9 kan det ved byggjemodning av området drivast uttak av stein- og fjellmassar med tilhøyrande verksemd om sprenging, knusing, sortering og liknande. Det har tidlegare vore drift i uttaket og driftsplan skildrar at det har vore bergverksverksemd her sidan 1980-talet.

Saka ligg no ute til høyring. Høyringsdokumenta er tilgjengeleg i menyen til høgre.

Høyringsbrevet gir nærare orientering om DMF sine forventningar til høyringsfråsegna og vår handsaming av søknaden.

Høringsuttalelser
Send med epost til
Send med post til
Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard Ladebekken 50 7066 Trondheim
Frist for å avgi høringsuttalelser
Mandag, 25. mai 2026