Skålheim steinbrot i Kvam herad - driftskonsesjon

Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard (DMF) har fått søknad om driftskonsesjon etter minerallova § 43 frå Hardanger Byggsenter AS med org. nr. 936 099 688, for uttak på del av gbnr. 32/39, 418 og 431 i Kvam herad kommune.

Omsøkt areal er på ca. 53 daa og kjem fram av kart som er ein del av høyringsvedlegga. Det er anslått eit årleg uttak av byggjeråstoff på om lag 10 000 m3 og totalt uttak på om lag 418 415 m3. Området er regulert til område for steinuttak og massedeponi i «Reguleringsplan for masseuttak og indutrområde Tolomarka», vedteke 3. mai 2005.

Saka ligg no ute til høyring. Høyringsdokumenta er tilgjengeleg i menyen til høgre.

Høyringsbrevet gir nærare orientering om DMF sine forventningar til høyringsfråsegna og vår handsaming av søknaden.

Høringsuttalelser
Send med epost til
Send med post til
Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard Ladebekken 50 7066 Trondheim
Frist for å avgi høringsuttalelser
Mandag, 9. desember 2024