Oksneset i Øygarden kommune - driftskonsesjon

Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard (DMF) har fått søknad om driftskonsesjon etter minerallova § 43 frå Harkestad Entreprenør AS med org. nr. 992 348 925 for uttak på gnr/bnr. 240/133, 240/218 og 240/219 i Øygarden kommune.

Omsøkt areal er på om lag 88 daa og kjem fram av kart som er ein del av høyringsvedlegga. Det er anslått eit årleg uttak av byggjeråstoff på om lag 100 000 m3 og totalt uttak på om lag 700 000 m3. Området er regulert til område for næringsbygging i «Detaljregulering for Oksneset næringsområde gnr. 240, bnr. 133 mfl.» vedteke 11. mai 2023.

Saka ligg no ute til høyring. Høyringsdokumenta er tilgjengeleg i menyen til høgre.

Høyringsbrevet gir nærare orientering om DMF sine forventningar til høyringsfråsegna og vår handsaming av søknaden.

Høringsuttalelser
Send med epost til
Send med post til
Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard Ladebekken 50 7066 Trondheim
Frist for å avgi høringsuttalelser
Mandag, 30. september 2024