Landmarka i Kvinnherad kommune - driftskonsesjon
DMF har motteke søknad om driftskonsesjon frå Thormodsæter Entreprenør AS for uttak på gbnr. 199/6 i Kvinnherad kommune. Det søkte konsesjonsområdet er på 38 daa, sjå vedlegg. Det er anslege eit årleg uttak av fast fjell på om lag 9 000 m3 og eit samla uttak på 128 000 m3.
Det er ikkje vedteke ein reguleringsplan for området. Området det er søke om er ikkje i sin heilskap avsett til steinbrot i dagens kommuneplan, da noko av området er avsett til LNRF. Det planlagde utvidingsområdet for steinbrotet er tatt inn i utkast til plankart for den nye kommuneplanen.
Saka ligg no ute til høyring. Høyringsdokumenta er tilgjengeleg i menyen til høgre.
Høyringsbrevet gir nærare orientering om DMF sine forventningar til høyringsfråsegna og vår handsaming av søknaden.