Åsliane steinbrudd i Suldal kommune - driftskonsesjon
Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren på Svalbard (DMF) har fått søknad om driftskonsesjon etter minerallova § 43 frå Gullingen Utviklingsselskap AS med org.nr. 991 024 506 for uttak på gbnr. 4/76 i Suldal kommune. Søknaden gjaldt opphavleg berre ein utviding, men tiltakshavar har bekrefta at dei ønsker at den nye konsesjonen omfattar heile uttaksområdet (noverande og utvida del), og erstattar den gamle konsesjonen.
Konsesjonsområdet er om lag 16 daa og kjem fram av kart som er ein del av høyringsvedlegga. Det er berre den nye delen av konsesjonsområdet som skal takast ut. Det nye området utgjer i underkant av 1 daa i areal med eit totalvolum på om lag 10 500 m3. Årleg uttak vil i stor grad tilpassast etterspurnaden, men vil liggje på rundt 3200 m3. Området er regulert til råstoffutvinning i reguleringsplan «Åsliane» vedteke 4. desember 2018.
Saka ligg no ute til høyring. Høyringsdokumenta er tilgjengeleg i menyen til høgre.
Høyringsbrevet gir nærare orientering om DMF sine forventningar til høyringsfråsegna og vår handsaming av søknaden.