Espeland masseuttak i Bjerkreim kommune - driftskonsesjon
Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard (DMF) har motteke søknad om driftskonsesjon etter minerallova § 43 frå Espeland Masseuttak AS med org. nr. 933 034 844, for uttak av grusmassar på gbnr. 45/6 i Bjerkreim kommune.
Omsøkt areal er på omtrentleg 104 daa og kjem fram av kart som er ein del av høyringsvedlegget. Det er anslått eit årleg uttak av byggjeråstoff frå lausmasser på opp til 31 500 m3 og eit totalt uttak på om lag 1 247 00 m3. Området er regulert til råstoffutvinning i plan «Detaljregulering for løsmasseuttak på gnr. 45, bnr. 6, Viemyr, Espeland», med planid 1114_2016001, vedteke 13.09.2022.
Saka ligg no ute til høyring. Høyringsdokumenta er tilgjengeleg i menyen til høgre.
Høyringsbrevet gir nærare orientering om DMF sine forventningar til høyringsfråsegna og vår handsaming av søknaden.