Vie sandtak i Førde kommune - driftskonsesjon

Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard (DMF) har fått inn søknad om driftskonsesjon etter minerallova § 43 frå Magne Hafstad AS.

Vie sandtak er lokalisert på del av gnr/bnr. 43/1 og 43/43 i Førde kommune. Området som det vert søke om driftskonsesjon på har eit areal på om lag 61 dekar framgår av høyringsvedlegget på s. 4. Tiltakshavar oppgjer at det skal tas ut totalt 207 000 m3 masse. Forventa årleg uttak er 20 000 m3 masse. Tiltakshavar opplyser at sandtaket er ein lausmasseførekomst. Det vert i søknaden opplyst at råstoffet skal nyttas til sand av ulike typar, men også nok singel og grus.

Omsøkt området er i kommuneplanens arealdel avsett til råstoffutvinning. Det føreligg vidare ein reguleringsplan for Sandtak på Vie, datert 16. juni 1993. Omsøkt konsesjonsområde er større enn det opphavlege området regulert i planen datert 16. juni 1993. Magne Hafstad AS har i den samanheng fremma eit privat forslag til detaljreguleringsplan for Sandtak Vie. Saka ligg inne til politisk handsaming hos Førde kommune. DMF har ved fastsettelsen av omsøkt konsesjonsområde teke utgangspunkt i forslag til ny reguleringsplan og område avsett til råstoffutvinning i kommuneplanens arealdel.

Saka ligg no ute til høyring. Høyringsdokumenta er tilgjengelig i menyen til høyre.

Høyringsbrevet gjev nærare orientering om DMF sine forventningar til høyringsfråsegnene og handsaminga vår av søknaden.

Høringsuttalelser
Send med epost til
Send med post til
Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard Postboks 3021 Lade 7441 Trondheim
Frist for å avgi høringsuttalelser
Torsdag, 5. oktober 2017