Stølshaugen i Kinn kommune - driftskonsesjon
Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard (DMF) har fått søknad om driftskonsesjon etter minerallova § 43 frå Maskinentreprenør Jimmi Nore & Sønn AS med org. nr. 984 231 512, for uttak på del av gbnr. 311/27, 26 og 10 i Kinn kommune.
Omsøkt areal er på ca. 138 dekar og kjem fram av kart som er ein del av høyringsvedlegga. Det er anslått eit årleg uttak av byggjeråstoff på om lag 30 000 m3 og totalt uttak på om lag 520 475 m3. Området er i den kommunale arealplanen «Kommuneplan for Vågsøy 2002-2014 Arealdel», med plan-id: 1439 200007, avsett til både masseuttak og annet byggeområde, og regulert til område for bebyggelse og anleggsformål i reguleringsplan for «Områderegulering for massetak og næringsområde på Almenningsfjellet», vedteke 13. desember 2018.
Saka ligg nå ute til høyring. Høyringsdokumenta er tilgjengeleg i menyen til høgre.
Høyringsbrevet gir nærare orientering om DMF sine forventingar til høyringsuttalen og vår handsaming av søknaden.