Skålheim i Kvam kommune - driftskonsesjon
Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard (DMF) har motteke søknad om driftskonsesjon etter § 43 i lov om erverv og utvinning av mineralressurser (minerallova) frå Kjosås Maskin AS.
Skålheim er lokalisert på gnr./bnr. 32/9, 32/39 og 32/418 i Tolomarka i Kvam kommune. Området som det vert søke om driftskonsesjon på har eit areal på 78 daa.
Området er i reguleringsplan med namn masseuttak og industriområde i Tolomarka regulert til byggeområde for industrilager kombinert med spesialområde for steinbrot og massetak. Reguleringsplanen vart vedteken av Kvam heradstyre 03.05.05 og etter klagesak stadfesta av Fylkesmannen 04.02.07 og 02.01.07.
Førekomsten består av glimmergneis og fyllitt. Det vert opplyst at råstoffet vert nytta til byggemateriale som pukk og sprengstein til lokal marknad.
Saka ligg no ute til høyring. Høyringsdokumenta er tilgjengeleg i menyen til høgre.
Høyringsbrevet gir nærare orientering om DMF sine forventningar til høyringsfråsegna og vår behandling av søknaden.