Nordre Vik i Austevoll kommune - driftskonsesjon
Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard (DMF) har motteke søknad om driftskonsesjon etter minerallova § 43 frå K. Volden AS med org.nr. 931 848 674, for uttak på gbnr. 64/2, 64/5, 64/68, 64/69 i Austevoll kommune.
Omsøkt areal er på omtrentleg 55 daa og kjem fram av kart som er ein del av høyringsvedlegga. Det er blitt anslått eit årleg uttak av byggjeråstoff frå fast fjell på om lag 75 000 tonn og totalt uttak på om lag 900 000 m3. Området er i den kommunale arealplanen satt av til steinbrot og masseuttak og regulert til råstoffutvinning i «Detaljreguleringsplan for gnr. 64 bnr. 0005 mfl. Nordre Vik. Masseuttak/massedeponi», vedteke 12. desember 2023.
Saka ligg no ute til høyring. Høyringsdokumenta er tilgjengeleg i menyen til høgre.
Høyringsbrevet gir nærare orientering om DMF sine forventningar til høyringsfråsegna og vår handsaming av søknaden.