Nesbakkane og Kvammen i Jølster kommune - driftskonsesjon
Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard (DMF) har motteke søknad om driftskonsesjon etter § 43 i lov om erverv og utvinning av mineralressurser (minerallova) frå Roald Sunde.
Søknadsområdet på Nesbakkane og Kvammen er lokalisert på gbnr. 49/1, 49/2, 49/3 i Jølster kommune. Det omsøkte området er 53 dekar. Området er i kommuneplanens arealdel avsett til råstoffutvinning. Det er oppgjeve at førekomsten består av lausmassar for byggeråstoff og naturstein. Søkjar oppgjer at produkta frå uttaket i hovudsak er sand og grus. Det er estimert eit årleg uttak på om lag 5000m3 og eit totalt uttak på 500 000m3. Forventa tidsrom for uttaket av massane er i søknaden opplyst å vere ca. 100 år.
Saka ligg no ute til høyring. Høyringsdokumenta er tilgjengeleg i menyen til høgre.
Høyringsbrevet gir nærare orientering om DMF sine forventningar til høyringsfråsegna og vår behandling av søknaden.