Massetak Eide i Luster kommune - driftskonsesjon
Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard (DMF) har motteke søknad om driftskonsesjon etter minerallova § 43 frå enkeltpersonføretaket Kjell Arvid Nyhus med org.nr.: 970 388 141, for uttak på del av gbnr. 17/1 i Luster kommune. Omsøkt areal er på ca. 25 daa og kjem fram av kart som er ein del av høyringsvedlegga.
Det er anslått eit årleg uttak av byggjeråstoff på mellom 5 000 – 10 000 m3 og totalt uttak på om lag 107 000 m3. Området er regulert til steinbrot og masseuttak i detaljregulering «Massetak Eide-Skjolden» med planid. 2020002, vedteke av Luster kommune 28.10.2021.
Saka ligg no ute til høyring. Høyringsdokumenta er tilgjengeleg i menyen til høgre.
Høyringsbrevet gir nærare orientering om DMF sine forventningar til høyringsfråsegna og vår handsaming av søknaden.
Høringsuttalelser
Send med epost til
Send med post til
Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard
Ladebekken 50
7066 Trondheim
Frist for å avgi høringsuttalelser
Torsdag, 1. februar 2024