Isola skifer Rogne i Øystre Slidre kommune - driftskonsesjon

Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard (DMF) har motteke søknad om driftskonsesjon etter minerallova § 43 frå Isola Skifer Rogne AS, org. nr. 929 551 192, for uttak på del av gnr./bnr. 45/48-50, 56, 59, 61, 45/1, 45/24, 48/1, 48/3, 48/4, 48/5, 48/7, 10-12, 21-22, 42, 48/25, 48/26, 48/32 og 48/ 8-9, 13, 15-16, 20 i Øystre Slidre kommune.

Konsesjonsområdet er på ca. 836 daa og kjem fram av kart som er ein del av høyringsvedlegga. Det er anslått eit årleg uttak av naturstein på omlag 10 000 m3 og totalt uttak på omlag 500 000 m3. Delar av konsesjonsområdet er i kommuneplanens arealdel avsett til «Kombinert busetnad og anleggsformål», men det finst så vidt DMF veit inga detaljregulering av området.

Saka ligg no ute til høyring. Høyringsdokumenta er tilgjengeleg i menyen til høgre.

Høyringsbrevet gir nærare orientering om DMF sine forventningar til høyringsfråsegna og vår handsaming av søknaden.

Høringsuttalelser
Send med epost til
Send med post til
Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard Ladebekken 50 7066 Trondheim
Frist for å avgi høringsuttalelser
Fredag, 2. februar 2024