Jarnes Næringspark AS i Sykkylven kommune - driftskonsesjon
Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard (DMF) har motteke søknad om driftskonsesjon etter minerallova § 43 frå Hole Anlegg AS med org. nr. 931 776 223, for uttak på del av gbnr. 43/151, 43/156 og 43/168 i Sykkylven kommune.
Areal det er søkt om er på ca. 64 daa og kjem fram av kart som er ein del av høyringsvedlegga. Det er anslått eit årleg uttak av byggjeråstoff på om lag 30 000 m3 og totalt uttak på om lag 300 000 m3. Området er regulert til Industri i plan «Industriområde Jarnes Aust» med planID 15282010007. Reguleringsplanen tredde i kraft 19. september 2018.
Saka ligg no ute til høyring. Høyringsdokumenta er tilgjengeleg i menyen til høgre.
Høyringsbrevet gir nærare orientering om DMF sine forventningar til høyringsfråsegna og vår handsaming av søknaden.