Kleivhamar i Kviteseid kommune - driftskonsesjon

Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard (DMF) har motteke søknad om driftskonsesjon etter minerallova § 43 frå Kari Straand (enkeltpersonføretak) med org.nr. 919 906 715, for uttak på del av gbnr. 15/2 og 15/4 i Kviteseid kommune.

Arealet det er søkt om er på ca. 23 daa og kjem fram av kart som er ein del av høyringsvedlegga. Det er anslått eit årleg uttak av byggjeråstoff på om lag 10-12 000 m3 og totalt uttak på om lag 230 000 m3. Området er regulert til område for steinbrot i reguleringsplan for «Massetak Kleivhamar» vedteke 26. mai 2005.

Det har tidlegare vore drift i uttaksområdet. Tiltaket det er søkt om er ei vidareføring av denne drifta.

Saka ligg no ute til høyring. Høyringsdokumenta er tilgjengeleg i menyen til høgre.

Høyringsbrevet gir nærare orientering om DMF sine forventningar til høyringsfråsegna og vår handsaming av søknaden.

Submissions
Send by email to
Send by mail to
Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard Ladebekken 50 7066 Trondheim
Deadline for submissions
Tuesday, 20. January 2026