Kyrkjeteigen-Valeberg i Sogndal kommune - driftskonsesjon

Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard (DMF) har motteke søknad om driftskonsesjon etter minerallova § 43 frå Kyrkjeteigen-Valeberg med org. nr. 998 397 944, for uttak på del av gbnr. 90/3 og 90/16 i Sogndal kommune.

Omsøkt areal er på ca. 62 daa og kjem fram av kart som er ein del av høyringsvedlegga. Det er anslått eit årleg uttak av byggjeråstoff på om lag 12 000 m3 og totalt uttak på om lag 700 000 m3. Området er regulert til område for steinuttak og massedeponi i «Reguleringsplan for steinuttak og massedeponi på Valberg i Sogndal kommune», vedteke 30. mars 2012.

Saka ligg no ute til høyring. Høyringsdokumenta er tilgjengeleg i menyen til høgre.

Høyringsbrevet gir nærare orientering om DMF sine forventningar til høyringsfråsegna og vår handsaming av søknaden.

Submissions
Send by email to
Send by mail to
Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard Ladebekken 50 7066 Trondheim
Deadline for submissions
Tuesday, 28. May 2024