Kommunal planlegging

Ifølgje dokumentet Nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging, som blei vedteke 12. juni 2015, er det eit mål at fylkeskommunane og kommunane skal sikre tilgang til gode mineralressursar for mogleg utvinning og vege dette opp mot miljøomsyn og andre samfunnsinteresser. Behovet for og tilgangen til byggjeråstoff blir sett i ein regional samanheng.

Arealdelen i kommuneplanen er den viktigaste reiskapen kommunen har for å sikre ei langsiktig og forsvarleg forvaltning av mineralressursane. Mineralressursar er viktige naturressursar, og masseuttak er ein del av det lokale næringslivet. Dei bør vurderast i samanheng med andre tema og arealavklaringar i kommuneplanarbeidet. Dette er spesielt viktig fordi geologiske ressursar berre kan bli utnytta der dei er lokaliserte frå naturen si side. Det er viktig at kommunen har oversikt over mineralressursane, både for å hindre nedbygging av ressursane og for å unngå arealbrukskonfliktar i samband med etablerte og framtidige masseuttak.

I kommuneplanen kan kommunen til dømes skaffe seg oversikt over kor langt fram i tid dei masseuttaka og råstoffområda som er i bruk i dag, vil dekkje behovet for byggjeråstoff i kommunen.

Mineralressursar i eigen kommune

Gjennom kartdatabasane til Noregs geologiske undersøking (NGU) kan kommunen også skaffe seg oversikt over kva for mineral og bergartar som finst i kommunen, kvar dei er lokaliserte, og i mange tilfelle kva verdi desse ressursane er venta å ha. På dette grunnlaget kan kommunen vurdere kva for mineralressursar ein bør sikre for framtidige generasjonar, og kvar eventuelle uttak av mineral skal gjerast i den komande planperioden.

Reguleringsplanar for massetak

Ifølgje plan- og bygningslova er det krav om reguleringsplan for gjennomføring for større byggje- og anleggstiltak, og andre tiltak som kan få vesentlege innverknader på miljø og samfunn. Mange kommunar har generelle føresegner i kommuneplanen som stiller krav om godkjend reguleringsplan for alle område for råstoffutvinning.

Ein reguleringsplan vil bidra til at uttaket skjer i forsvarlege former der omsynet til miljø og samfunn er vurdert og teke hand om. Regulering gir mellom anna kommunen høve til å setje føresegner med krav til skjerming og sikring, føresegner om driftstider og krav om terrengutforming og at området skal setjast i stand att. Det vil i mange tilfelle vere nødvendig å avklare tilkomsten til masseuttaket. Dette er viktig mellom anna fordi eit masseuttak kan gi trafikkbelastning på vegnettet og for nærmiljøet.

DMF er konsesjonsstyresmakt etter minerallova. Når DMF skal behandle ein konsesjonssøknad med driftsplan, er det ein fordel at området for masseuttak har ein godkjend reguleringsplan. Arealet for masseuttaket vil då vere klart definert, og viktige omsyn vil vere avklarte på førehand. Mellom anna vil krav frå forureiningslovverk og naturmangfaldlova kapittel II vere behandla og lagde til grunn i godkjenninga av reguleringsplanen. Dersom etterbruk av området er avklart i reguleringsplanen, vil dette kunne verke inn på krav om å setje i stand området etter at uttaket er avslutta. Dette kan igjen verke inn på krav om å stille økonomiske garantiar for å sikre at det blir gjennomført sikrings- og oppryddingstiltak etter minerallova.