Løyve etter svalbardmiljølova

Større undersøkingsarbeid krev ofte løyve etter svalbardmiljølova. Oppstart av drift krev alltid løyve etter svalbardmiljølova. Begge desse søknadene skal gå til Sysselmannen.

Større undersøkingsarbeid

For å kunne gjere større undersøkingsarbeid må ein ofte ha løyve etter svalbardmiljølova. Søknaden skal gå til Sysselmannen. Dersom det er krav om konsekvensutgreiing, fastset Sysselmannen på Svalbard utgreiingsprogram i samråd med Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard. Sysselmannen gir også eventuelle løyve og fastset eventuelle vilkår.

Oppstart av drift

Oppstart av drift krev løyve etter svalbardmiljølova. Sysselmannen fastset utgreiingsprogram etter svalbardmiljølova i samråd med Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard. Sysselmannen gir også eventuelle løyve og fastset eventuelle vilkår.