Melding om funnpunkt

Melding om funnpunkt for kol, petroleum, mineral og bergartar som blir vunne ut gjennom bergverksdrift etter bergverksordninga for Svalbard, må sendast til Bergmeisteren for Svalbard seinast ti månader etter at funnpunkta er merkte av i felten (bvo. § 9.1).

Bergverksordninga er basert på prinsippet om at den som først finn ein ressurs, får retten til han. Den som først oppdagar mineral- eller bergartsressursen, merkjer han av i terrenget med to vitne til stades, sender skriftleg melding til DMF i løpet av ti månader og kan dermed få einerett til å utnytte ressursen. Saman med meldinga om funnpunkt skal ein sende ei prøve av funnet til Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard, slik at direktoratet kan vurdere om materialet er av ein slik type at funnstaden kan godkjennast for mogleg bergverksdrift. Det blir brukt eit eige skjema til melding om funnpunkt.

Når det gjeld prospektering etter hydrokarbon, har Industridepartementet (i dag Nærings- og fiskeridepartementet) avgjort at geologisk materiale som viser at det truleg kan finnast hydrokarbon i området, kan bli godteke i staden for funnpunktprøve.