Sentralbord/arkivmedarbeidar

Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard (DMF) forvaltar minerallova og bergverksordninga for Svalbard. Vi veks og gjennomfører ein stor endringsprosess der både ansvarsområde og arbeidsoppgåver er under utvikling.

Arbeidsoppgåvene i stillinga er varierte og omfattar mellom anna

  • ansvar for sentralbord og resepsjon
  • kontinuerleg posthandtering og arkivdrift
  • arkivfagleg rådgiving og utvikling
  • innkjøp av kontorrekvisita og liknande
  • administrative serviceoppgåver

Kvalifikasjonskrav

Du bør ha

  • utdanning som svarar til bachelor innanfor relevante fag – relevant erfaring frå arkiv kan kompensere for krav om formell utdanning
  • relevant erfaring og god kjennskap til lover, forskrifter og retningslinjer som regulerer offentleg arkivdrift
  • systemforståing og god kunnskap innanfor elektronisk arkiv og dokumentbehandling
  • gode it-kunnskapar
  • god munnleg og skriftleg formuleringsevne (bokmål og nynorsk)

Vi legg vekt på å finne ein person med rette faglege og personlege eigenskapar som kan vere ein positiv bidragsytar i utviklingsprosessen DMF er inne i.

  • Du må ha gode samarbeids- og kommunikasjonsevner og vere oppteken av å yte service
  • Du er sjølvstendig og løysingsorientert
  • Du arbeider systematisk, målretta og effektivt

Meir om stillinga

Vi har fleksibel arbeidstid og tilbyr gode ytingar i Statens pensjonskasse. Stillinga blir lønna etter statens lønnsregulativ og stillingskoden 1065 Konsulent. Nærare opplysningar om stillinga kan du få ved å ta kontakt med Fremo Bemanning v/Kjell-Inge Fremo på 900 22 300. Du kan også ta direkte kontakt med seksjonsleiar Hilde Lingstad i DMF på 959 79 189.

Førespurnader om stillinga vil bli behandla konfidensielt, men vi gjer merksam på at søkjarlista er offentleg.

For å søkje på stillinga går du inn på www.fremobemanning.no eller www.finn.no

Søknadsfrist: 22. februar 2017