Ressursforvaltning - DMFs ansvar og rolle

Norge har betydelege mineralressursar. Mineralressursar er ikkje-fornybar naturressursar, og forvaltning som tar vare på omsynet til viktige mineralressursar er derfor ein overordna målsetjing.

Vidare er det eit mål å leggje til rette for vekst i mineralnæringa. Eit viktig tiltak er ei betydeleg satsing på kartlegging av mineral, spesielt i Nord-Norge. I tillegg er det økt fokus på å bidra til ei effektiv og god mineralforvaltning, mellom anna gjennom å leggje til rette for raskare planprosessar ved større mineralprosjekt.

DMF sin primære oppgåve er å arbeide for at Norges mineralressursar blir forvalta og utnytta til det beste for samfunnet. I dette ligg det at vi mellom anna skal bidra til ei forsvarleg og berekraftig forvaltning av mineralressursar.

Mellom anna ved å gi innspel til reginal og kommunal planbehandling og behandling av tiltak etter ulike sektorlovverk, vil vi bidra til ei god og langsiktig forvaltning av mineralressursar i tråd med overordna målsetjing. Det omfattar mellom anna å hindre nedbygging av viktige mineralressursar og gje fagleg rettleiing i samband med regulering av område for råstoffutvinning.