Økonomicontroller

Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard (DMF) forvaltar minerallova og bergverksordninga for Svalbard. Vi veks og gjennomfører ein stor endringsprosess der både ansvarsområde og arbeidsoppgåver er under utvikling.

Arbeidsoppgåvene i stillinga er varierte og omfattar mellom anna

  • oppfølging av budsjett og prognosar for driftsbudsjett og prosjekt
  • utarbeiding av økonomiske analysar og statistikk
  • offentlege innkjøp og oppfølging av kontraktar
  • økonomisk saksbehandling etter minerallova
  • dagleg oppfølging av rekneskap

Kvalifikasjonskrav

Du bør ha

  • utdanning som svarar til mastergrad innanfor økonomi – relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet ut over bachelor
  • erfaring frå oppfølging av budsjett og økonomiske analysar
  • erfaring med innkjøp og oppfølging av kontraktar (ønskjeleg)
  • gode Excel-kunnskapar
  • god munnleg og skriftleg formuleringsevne (bokmål og nynorsk)

Vi legg vekt på å finne ein person med rette faglege og personlege eigenskapar som kan vere ein positiv bidragsytar i utviklingsprosessen DMF er inne i. Vi søkjer ein person som er sjølvstendig, effektiv og har gode samarbeidsevner.

Meir om stillinga

Vi har fleksibel arbeidstid og tilbyr gode ytingar i Statens pensjonskasse. Stillinga blir lønna etter statens lønnsregulativ og stillingskoden 1434 Rådgivar / 1364 Seniorrådgivar. Nærare opplysningar om stillinga kan du få ved å ta kontakt med Fremo Bemanning v/Kjell-Inge Fremo på 900 22 300. Du kan også ta direkte kontakt med seksjonsleiar Hilde Lingstad i DMF på 959 79 189.

Førespurnader om stillinga vil bli behandla konfidensielt, men vi gjer merksam på at søkjarlista er offentleg.

For å søkje på stillinga går du inn på www.fremobemanning.no eller www.finn.no

Søknadsfrist: 22. februar 2017.