Konsekvensutgreiingar

1. januar 2015 blei to nye forskrifter om konsekvensutgreiingar sette i kraft. Forskrift om konsekvensutredning for planer etter plan- og bygningsloven blir forvalta av Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD), og forskrift om konsekvensutredninger for tiltak etter sektorlover blir forvalta av Klima- og miljødepartementet (KLD).

Føremålet med føresegnene om konsekvensutgreiingar (KU) er å klargjere konsekvensane av planar og tiltak som kan ha vesentleg innverknad på miljø og samfunn. Konsekvensutgreiinga skal sikre at omsynet til miljø og samfunn blir vurdert når ein førebur planar eller tiltak, slik at ein kan ta stilling til om, og på kva vilkår, planane eller tiltaka kan gjennomførast.

Konsekvensutgreiingar skal gjerast etter anerkjend metodikk og av personar med relevant fagleg kompetanse. Data som blir samla inn i samband med konsekvensutgreiingar, skal bli systematisert og lagt inn i offentlege databasar.

Ifølgje forskrift om konsekvensutredninger for planer etter plan- og bygningsloven skal ein alltid gjennomføre konsekvensutgreiing av masseuttak som har ei samla overflate på 200 daa eller meir, eller uttak som omfattar meir enn 2 mill. m³ masse. For uttak i denne storleiken kan DMF tre inn som ansvarleg styresmakt på vegner av kommunen dersom kommunen ønskjer dette. DMF vil då gjennomføre heile KU-prosessen fram til kommunen har gjort vedtak, jf. KU-forskrifta vedlegg I punkt 2.

Andre mineraluttak, jf. KU-forskrifta vedlegg II punkt 2a, er tiltak som skal bli vurderte nærare for å sjå om dei kan seiast å ha vesentleg innverknad på miljø og samfunn. Vurderingskriteria for om eit tiltak skal vurderast å ha vesentleg innverknad på miljø eller samfunn, er lista opp i KU-forskrifta vedlegg III.