Ytre skårhaug i Eid kommune - driftskonsesjon

Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard (DMF) har motteke søknad om driftskonsesjon etter § 43 i lov om erverv og utvinning av mineralressurser (minerallova) frå Per Røyrhus AS.

Massetaket Ytre Skårhaug er lokalisert på gnr./bnr. 41/1 i Eid kommune. Området det søkast om driftskonsesjon for er 17, 6 dekar. Området er i detaljreguleringsplan med planid. 2013001 vedteken 10.03.2015 avsett til steinbrot og masseuttak. For ordens skyld merkar DMF at det i søknadsskjema er vist til den tidlegare gjeldane reguleringsplan for området.

Førekomsten består av gneis og massane skal primært brukast til produksjon av fyllmasse(pukk/singel). Anslege totalvolum for uttaket er 270 000 m3 og forventa årleg uttak er 8 000 – 10 000 m3.

DMF har fått opplyst at det er naudsynt å fjerna nokre massar med det formål å sikre kommunal veg. Uttak av massar for å sikre kommunal veg fell utanfor mineralloven sitt virkeområde, og kan gjennomførast  sjølv om driftskonsesjon etter mineralloven ikkje er tildelt. Søknad om driftskonsesjon handsamast uavhengig av dette.

Saka ligg no ute til høyring. Høyringsdokumenta er tilgjengeleg i menyen til høgre.

Høyringsbrevet gir nærare orientering om DMF sine forventningar til høyringsfråsegna og vår behandling av søknaden.

Høringsuttalelser
Send med epost til
Send med post til
Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard Postboks 3021 Lade 7441 Trondheim
Frist for å avgi høringsuttalelser
Fredag, 8. juli 2016