Verken i Leikanger kommune - prøveuttak

Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard (DMF) har motteke søknad om løyve til prøveuttak etter mineralloven § 12 frå Gjerløw Maskin og Transport AS.

Søknaden gjeld prøveuttak av ca. 2000 m3 fast fjell på Verken på del av eigedomen gnr./bnr. 2/8 i Leikanger kommune. Området går fram på kart utarbeidd av DMF på side 1 i høyringsvedlegget.

Prøveuttaket skal skje i eit område kor det tidligare har vore uttak. All tidlegare uttak er basert på handboring og ulike metodar for splitt av stein. Ein har på bakgrunn av tidlegare uttak konstatert at steinen er eigna til tiltenkt føremål, men ein ønskjer no å vurdere om det er mogleg å få så effektiv drift i steinbrotet at det er økonomisk forsvarleg. Det skal nyttast meir effektive og maskinelle metodar.

Saka ligg no ute til høyring. Høyringsdokumenta er tilgjengeleg i menyen til høgre.

Høyringsbrevet gjev nærare orientering om DMF sine forventingar til høyringsfråsegnene og handsaminga vår av søknaden.

Høringsuttalelser
Send med epost til
Send med post til
Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard Postboks 3021 Lade 7441 Trondheim
Frist for å avgi høringsuttalelser
Fredag, 13. juli 2018