Utviding av masseuttak Bjørnøya i Haram kommune - driftskonsesjon

Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard (DMF) har fått inn søknad om driftskonsesjon etter minerallova § 43 frå Longva Maskin AS.

Longva Maskin AS søkjer om driftskonsesjon for uttak av fast fjell i utvidinga av Bjørnøya. Uttaket er lokalisert på gbnr. 180/2 i Haram kommune. Omsøkt område er 11 daa. Ifølgje tiltakshavaren ser de for seg et samla uttaksvolum på 140 000 m3 innafor omsøkt område. Tiltakshavaren skriv at uttaksvolumet på 140 000 m3 skal takst ut i løpet av eit år.

Førekomsten skal nyttast til vegbygging. Tiltakshavar opplyser at drifta i all hovudsak er knytt til utbygginga av Nordøyvegen, Fv. 659. Hovudleveransen er plastringsstein.

Omsøkt område ligg inne i kommuneplanen for Haram kommune som LNF-område. Det er søkt om dispensasjon frå kommuneplanens arealformål, og gjeven løyve til utvinning av mineralførekomst i brev av 1. oktober 2019 frå Haram kommune.

Saka ligg no ute til høyring. Høyringsdokumenta er tilgjengeleg i menyen til høyre.

Høyringsbrevet gir nærare orientering om DMF sine forventningar til høyringsfråsegna og vår handsaming av søknaden.

Høringsuttalelser
Send med epost til
Send med post til
Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard Postboks 3021 Lade 7441 Trondheim
Frist for å avgi høringsuttalelser
Onsdag, 4. desember 2019