Svarstad massetak i Stryn kommune - driftskonsesjon

Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard (DMF) har motteke søknad om driftskonsesjon etter § 43 i lov om erverv og utvinning av mineralressurser (minerallova) frå Stryn Pukk AS med org.nr. 960 788 206.

Svarstad er eit massetak lokalisert på gnr./bnr. 150/56 i Stryn kommune. Det omsøkte området er om lag 15 dekar og går fram av kart på side 3 i høyringsvedlegget. Omsøkt område er regulert til «kombinert bygg og anleggsformål, steinbrot, industri» i reguleringsendring «Stryn miljø- og næringspark – nordre del» av 27.02.2013. Det er oppgjeve at førekomsten består gneis, som hovudsakleg vil nyttast til stein, singel og pukk. Det er estimert eit årleg uttak på om lag 40.000 m3 og eit totalt uttak på 400.000 m3.

Saka ligg no ute til høyring. Høyringsdokumenta er tilgjengeleg i menyen til høgre.

Høyringsbrevet gjev nærare orientering om DMF sine forventingar til høyringsfråsegnene og handsaminga vår av søknaden.

Høringsuttalelser
Send med epost til
Send med post til
Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmesteren for Svalbard Postboks 3021 Lade 7441 Trondheim
Frist for å avgi høringsuttalelser
Mandag, 8. oktober 2018