Steinbrot Lie i Luster kommune - driftskonsesjon

Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard (DMF) har motteke søknad om driftskonsesjon etter § 43 i lov om erverv og utvinning av mineralressurser (minerallova) frå Rolf Lie.

Steinbrot Lie er lokalisert på del av gnr./bnr. 123/3 i Luster kommune. Området som det vert søke om driftskonsesjon på har eit areal på 25,4 daa.

Tiltakshavar oppgjev at det skal tas ut totalt 210 000 m3 masse. Forventa årlig uttak er 6-8 000 m3 masse. Førekomsten består primært av bergarten gneis. Det vert i søknaden opplyst at det meste av materialet vert levert til natursteinmur og elveførebygging. Det som ikkje eignar seg til dette føremålet vert knust ned til pukk og grus. Området er i kommunens arealplan avsett til råstoffutvinning.  Området er i tillegg regulert i reguleringsplan for Steinbrot Lie, vedteken 16.11.2006.

Saka ligg no ute til høyring. Høyringsdokumenta er tilgjengeleg i menyen til høgre.

Høyringsbrevet gir nærare orientering om DMF sine forventningar til høyringsfråsegna og vår behandling av søknaden.

Høringsuttalelser
Send med epost til
Send med post til
Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard Postboks 3021 Lade 7441 Trondheim
Frist for å avgi høringsuttalelser
Torsdag, 27. oktober 2016