Spjotsodd massetak i Kviteseid kommune - driftskonsesjon
Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard (DMF) har fått inn søknad om driftskonsesjon etter minerallova § 43 frå YIT Norge AS.
Spjotsodd massetak er lokalisert på gbnr. 23/4 i Kviteseid kommune. Området som det vert søke om driftskonsesjon på har eit areal på om lag 19 dekar og framgår av høyringsvedlegget på s. 14. Tiltakshavar oppgjer at det i grustaket står igjen totalt 15 000 m3 masse. Forventa årleg uttak er 5000 m3 masse. Førekomsten består primært av lausmassar som er ein del av ei breelvavsetning. Området er i kommuneplanens arealdel avsett til spesialområde grustak og regulert i reguleringsplan for «Spjotsodd», vedteken 29. mars 2001.
Saka ligg no ute til høyring. Høyringsdokumenta er tilgjengeleg i menyen til høyre.
Høyringsbrevet gir nærare orientering om DMF sine forventningar til høyringsfråsegna og vår handsaming av søknaden.