Skrebergene i Øystre Slidre kommune – driftskonsesjon

Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard (DMF) har motteken søknad om driftskonsesjon etter minerallova § 43 fra Rolf Ivar Lykken (enkeltpersonforetak).

Søknaden gjeld Skrebergene sandtak på gbnr. 1/1 i Øystre Slidre kommune. Omsøkt konsesjonsområde er om lag 56 dekar og framgår av kart på s. 4 i høyringsvedlegget. Det er anslått et årleg uttak av lausmassar/fast fjell på om lag 10 000 – 15 000 m3 og totalt uttak på om lag 890 000 m3. Området er i den kommunale arealplanen avsatt til område for råstoffutvinning og regulert til område for masseuttak reguleringsplan for «Skrebergene sandtak» datert 21. juni 2018.

Saka ligg no ute til høyring. Høyringsdokumenta er tilgjengeleg i menyen til høgre.

Høyringsbrevet gir nærare orientering om DMF sine forventningar til høyringsfråsegna og vår handsaming av søknaden.

Høringsuttalelser
Send med epost til
Send med post til
Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard Postboks 3021 Lade 7441 Trondheim
Frist for å avgi høringsuttalelser
Torsdag, 31. oktober 2019