Sandanger uttak i Hjelmeland kommune - driftskonsesjon

Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard (DMF) har motteke søknad om driftskonsesjon etter § 43 i lov om erverv og utvinning av mineralressurser (minerallova) frå Mur og Graveservice AS.

Søknadsområdet på Sandanger er lokalisert på gbnr. 92/1 i Hjelmeland kommune. Det totale uttaksarealet er på 48, 6 dekar. Området er i kommuneplanens arealdel avsett til utvinning av byggeråstoff, og regulert råstoffutvinning i reguleringsplan for Sandanger Steinbrot datert 14. desember 2005. Det er oppgitt at førekomsten består av skiferstein. Førekomsten skal drivast med tradisjonell palledrift med varierande høgde mellom 3 - 6 m. Salvar blir boret og sprengt som enkle rastar. Det er estimert eit årleg uttak 12 000m3 og eit totaluttak på 400 000m3.

Saka ligg no ute til høyring. Høyringsdokumenta er tilgjengeleg i menyen til høgre.

Høyringsbrevet gir nærare orientering om DMF sine forventningar til høyringsfråsegna og vår behandling av søknaden.

Høringsuttalelser
Send med epost til
Send med post til
Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard Postboks 3021 Lade 7441 Trondheim
Frist for å avgi høringsuttalelser
Torsdag, 23. februar 2017