Sætredalen masseuttak i Giske kommune – driftskonsesjon

Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard (DMF) har motteke søknad om driftskonsesjon etter § 43 i lov om erverv og utvinning av mineralressurser (minerallova) frå Gjøsund Maskinlag AS med org.nr. 947 590 073.

Sætredalen er eit massetak lokalisert på gnr./bnr. 189/8 i Giske kommune. Det omsøkte området er om lag 26 dekar og går fram av kart på side 3 i høyringsvedlegget. Omsøkt område er regulert til masseuttak i reguleringsplan for Sætredalen av 27.11.2001. Det er oppgjeve at førekomsten består av morenemasser med stor innblanding av stein, som hovudsakleg vil nyttast til usortert sprengstein/pukk/grus. Det er estimert eit årleg uttak på om lag 15.000 m3 og eit totalt uttak på 250 – 300.000 m3.

Saka ligg no ute til høyring. Høyringsdokumenta er tilgjengeleg i menyen til høgre.

Høyringsbrevet gjev nærare orientering om DMF sine forventingar til høyringsfråsegnene og handsaminga vår av søknaden.

Høringsuttalelser
Send med epost til
Send med post til
Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmesteren for Svalbard Postboks 3021 Lade 7441 Trondheim
Frist for å avgi høringsuttalelser
Fredag, 5. oktober 2018