Øvre Valheim aust i Hjelmeland kommune - driftskonsesjon
Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard (DMF) har fått inn søknad om driftskonsesjon etter minerallova § 43 frå Norstone AS.
Norstone AS søkjer om driftskonsesjon etter minerallova for drift av masseuttak kalla Øvre Valheim aust, gbnr. 113/13 og 113/14 i Hjelmeland kommune. Ifylgje tiltakshavaren er storleiken på det omsøkte området 82 daa. Dei anslår at det totale volumet for uttaket er 1 433 500 m3, og at dei forventar å ta ut 150 000 m3 årleg. Masseuttaket er ei forlenging av ein tidlegare tildelt konsesjon på Valheim. Tiltakshavaren opplyser om at massane skal transporterast ut av uttaksområdet på Øvra Valheim aust, gjennom uttaksområdet på Tveit og fram til Norstone sitt produksjonsområde ved fjorden i Årdal. Det skal ifylgje tiltakshavaren ikkje vere noko form for foredling eller produksjon innafor uttaksområdet.
Ifylgje tiltakshavaren er førekomsten ein sand- og grusførekomst der råstoffet er av god kvalitet. Massane skal nyttast som tilslag i betong.
Området er i reguleringsplan for Øvre Valheim og Tveit av 20. september 2006 regulert til masseuttak/jordbruk.
Saka ligg no ute til høyring. Høyringsdokumenta er tilgjengeleg i menyen til høgre.
Høyringsbrevet gjev nærare orientering om DMF sine forventingar til høyringsfråsegnene og handsaminga vår av søknaden.