Øveråslia i Vestnes kommune - driftskonsesjon

Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard (DMF) har fått inn søknad om driftskonsesjon etter minerallova § 43 frå Vestnes Renovasjon AS.

Vestnes Renovasjon AS søker om driftskonsesjon for masseuttak i Øveråslia. Uttaket er lokalisert på eigedomane gbnr. 56/1, 56/4 og 56/9 i Vestnes kommune. Omsøkt område er 94 daa.

Førekomsten er ein granittisk gneis som av NGU er vurdert å ha lokal betydning. Tiltakshavar skal ta ut fast fjell som skal nyttast til veggrus samt knusast i ulike singel- og pukkfraksjonar som skal nyttast i utviklinga av verksemda på Øveråslia. Ifølgje tiltakshavaren er det anslått at det samla uttaket innafor uttaksområdet er 2 100 000 m3. Av dette ser tiltakshavaren for seg å ta ut ca. 4 000 m3 årleg. Det årlege uttaket kan endre seg avhengig av situasjonen i marknaden.

Reguleringsplan for Vestnes Renovasjon AS Øveråslia blei vedteken i kommunestyret den 15. februar 2018. Planvedtaket frå kommunen blei påklaga og difor sendt vidare til Fylkesmannen i Møre og Romsdal for endelig avgjerd. DMF har teke utgangspunkt i reguleringsplanen slik den føreligg ved vurdering av søknad om driftskonsesjon.

Saka ligg no ute til høyring. Høyringsdokumenta er tilgjengeleg i menyen til høgre.

Høyringsbrevet gir nærare orientering om DMF sine forventningar til høyringsfråsegna og vår handsaming av søknaden.

Høringsuttalelser
Send med epost til
Send med post til
Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard Postboks 3021 Lade 7441 Trondheim
Frist for å avgi høringsuttalelser
Mandag, 8. April 2019