Ny Jord massetak i Aukra kommune - driftskonsesjon

Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard (DMF) har motteke søknad om driftskonsesjon etter § 43 i lov om erverv og utvinning av mineralressurser (minerallova) frå Odd Småge AS.

Ny jord er eit massetak lokalisert på gnr./bnr. 2/76, 3/34 og 3/98 i Aukra kommune. Det omsøkte området er om lag 127 dekar og går fram av kart på side 23 i høyringsvedlegget. Omsøkt område er regulert til «massetak/friluftsområde» og «massetak/massedeponi/friluftsområde» i reguleringsplan datert 26.09.2007 med plan-ID 200710 og namn «Massetak, Ny Jord». Det er oppgjeve at førekomsten består av gneis og granitt som hovudsakleg vil nyttast til produksjon av kabelsand, veggrus, isgrus, hagesingel, rørsingel, finsams, pukk, grovpukk og grovsams. Det er estimert eit årleg uttak på om lag 50.000 m3 og eit totalt uttak på 1.000.000 m3.

Saka ligg no ute til høyring. Høyringsdokumenta er tilgjengeleg i menyen til høgre.

Høyringsbrevet gjev nærare orientering om DMF sine forventingar til høyringsfråsegnene og handsaminga vår av søknaden.

Høringsuttalelser
Send med epost til
Send med post til
Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard Postboks 3021 Lade 7441 Trondheim
Frist for å avgi høringsuttalelser
Tirsdag, 13. februar 2018