Muggeteigen i Lærdal kommune - driftskonsesjon
Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard (DMF) har motteke søknad om driftskonsesjon etter minerallova § 43 frå Voll Lunde Maskin AS.
Voll Lunde Maskin AS (org. nr. 989 024 574) har søkt om driftskonsesjon for Muggeteigen som er lokalisert på gnr./ bnr. 46/1 i Lærdal kommune. Omsøkt konsesjonsområde er på 32 dekar og fremgår av kart i høringsvedlegget side 4 og 5. Det vert teke ut ein gneisaktig anortositt-gabbro som er intrudert av ein kvit granodioritt eller kvartsdioritt (trondhjemitt).
Området er i kommunens reguleringsplan vedteke 9. februar 2017 regulert til steinbrot og masseuttak.
Det er anslått eit årleg uttak på om lag 20 000- 50 000 m3, og eit totaluttak på om lag 1 250 000 m3. Årleg uttak kan variere som følge av marknad og etterspørsel.
Saka ligg no ute til høyring. Høyringsdokumenta er tilgjengelig i menyen til høyre.
Høyringsbrevet gir nærare orientering om DMF sine forventningar til høyringsfråsegna og vår handsaming av søknaden.