Kåvenes-Nomelandskleivi i Valle kommune - driftskonsesjon

Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard (DMF) har motteke søknad om driftskonsesjon etter § 43 i lov om erverv og utvinning av mineralressurser (minerallova) frå Nomeland Anlegg AS.

Nomeland Anlegg AS har søkt om driftskonsesjon for området Kåvenes-Nomelandskleivi gbnr. 64/1 i Valle kommune. Tiltakshavaren har oppgitt at totalt uttaksområde er 5,9 daa. Vidare har tiltakshavaren anslått at totalt uttaksvolum er 30 000 m3, med eit forventa årleg uttak på 20 000 m3. Førekomsten er klassifisert som grunneigars mineralar. Det er ikkje drift på området pr. i dag. Tiltakshavaren beskriv at førekomsten består av hard gneis/granitt. Føremålet med uttaket er å nytta det til kultmasse/grusmasse ved vegbygging. Området er regulert til masseuttak i reguleringsplan datert 26. juni 2007. Konsesjonsgrensa er samanfallande med formålsgrensa som framkjem av vedlagte plankart, vedteken i kommunestyret den 25. mars 2003 (K-sak 45/03).

Saka ligg no ute til høyring. Høyringsdokumenta er tilgjengeleg i menyen til høgre.

Høyringsbrevet gir nærare orientering om DMF sine forventningar til høyringsfråsegna og vår behandling av søknaden.

Høringsuttalelser
Send med epost til
Send med post til
Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard Postboks 3021 Lade 7441 Trondheim
Frist for å avgi høringsuttalelser
Mandag, 4. April 2016