Holen massetak i Ørsta kommune - driftskonsesjon

Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard (DMF) har motteke søknad om driftskonsesjon etter § 43 i lov om erverv og utvinning av mineralressurser (minerallova) frå Holen Sand og Grustak AS.

Holen er eit massetak lokalisert på gnr./bnr. 165/2 i Ørsta kommune. Det omsøkte området er om lag 80 dekar og går fram av kart på side 24 i høyringsvedlegget. Omsøkt område er regulert i reguleringsplan datert 27.06.2006 med plan-ID RTK-0503-D og namn «Holen massetak». Det er oppgjeve at førekomsten består i hovudsak av morenemassar, naturgrus og sand som hovudsakleg vil nyttast som tilslag til veganlegg, bygg- og anlegg. Det er estimert eit årleg uttak på om lag 10.000 m3 og eit totalt uttak på 130.000 m3.

Saka ligg no ute til høyring. Høyringsdokumenta er tilgjengeleg i menyen til høgre.

Høyringsbrevet gjev nærare orientering om DMF sine forventingar til høyringsfråsegnene og handsaminga vår av søknaden.

Høringsuttalelser
Send med epost til
Send med post til
Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmesteren for Svalbard Postboks 3021 Lade 7441 Trondheim
Frist for å avgi høringsuttalelser
Mandag, 10. juli 2017