Helland i Modalen kommune - driftskonsesjon

Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard (DMF) har motteke søknad om driftskonsesjon etter § 43 i lov om erverv og utvinning av mineralressurser (minerallova) frå OH Natursand AS.

Helland er eit sandtak lokalisert på gnr./bnr. 78/3 i Modalen kommune. Det omsøkte området er om lag 78 dekar og går fram av kart på side 17 i høyringsvedlegget. Omsøkt område er regulert til «masseuttak/landbruk» i reguleringsplan datert 10.03.2016 med plan-ID 20150001 og namn «Sandtak Krossdal Modalen». Det er oppgjeve at førekomsten består av natursand som hovudsakleg vil nyttast til betongproduksjon. Det er estimert eit årleg uttak på om lag 35.000 m3 og eit totalt uttak på 730.000 m3.

Saka ligg no ute til høyring. Høyringsdokumenta er tilgjengeleg i menyen til høgre.

Høyringsbrevet gjev nærare orientering om DMF sine forventingar til høyringsfråsegnene og handsaminga vår av søknaden.

Høringsuttalelser
Send med epost til
Send med post til
Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmesteren for Svalbard Postboks 3021 Lade 7441 Trondheim
Frist for å avgi høringsuttalelser
Fredag, 2. februar 2018