Grotnes i Kviteseid kommune - driftskonsesjon
Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard (DMF) har motteke søknad om driftskonsesjon etter § 43 i lov om erverv og utvinning av mineralressurser (minerallova) frå Jan Geir Gravir (ENK) med org.nr. 877 534 642.
Grotnes er eit massetak lokalisert på gnr./bnr. 20/6 i Kviteseid kommune. Det omsøkte området er om lag 18 dekar og går fram av kart på side 4 og 5 i høyringsvedlegget. Omsøkt område ligg til dels innanfor område avsett til råstoffutvinning og til dels innanfor LNF-område i kommuneplanens arealdel. Tiltakshavar opplyser at det er ein posisjonsfeil i kommuneplanen, og at omsøkt område derfor bare er delvis innanfor området avsett til råstoffutvinning. Det er oppgjeve at førekomsten består av lausmassar, for det meste beståande av sand med noko kulestein. Førekomsten blir selt i det lokale markedet som sand, natursingel og kult. Det er estimert eit årleg uttak på om lag 100 – 20 000 m3 og eit totalt uttak på 300 000 m3.
Saka ligg no ute til høyring. Høyringsdokumenta er tilgjengeleg i menyen til høgre.
Høyringsbrevet gjev nærare orientering om DMF sine forventingar til høyringsfråsegnene og handsaminga vår av søknaden.