Grindsdalen i Leikanger kommune - driftskonsesjon
Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard (DMF) har motteke søknad om driftskonsesjon etter § 43 i lov om erverv og utvinning av mineralressurser (minerallova) frå Sognekraft AS.
Uttaksområde i Grindsdalen er lokalisert på gnr/bnr. 5/2 i Leikanger kommune. Det omsøkte området er 2 dekar. Området er i kommuneplanens arealdel regulert til LNF område. Det er søkt om dispensasjon frå arealplanen.
Det vert oppgjeve i søknaden at førekomsten består av fast fjell og bergtypen er vurdert til å vere diorittisk til granittisk gneis med god nok kvalitet til føremålet. Massane vil i følgje søknad bli brukt til bygging av Grinsdalen transformatorstasjon, høvevis som masser til stasjonstomt og bygging av rasvoll. Det er estimert eit uttak på omlag 11 000 m3, men med moglegheit for uttak på intill 15 000 m3. Uttaket vil skje over ein kort tidsperiode på om lag eit år.
Saka ligg no ute til høyring. Høyringsdokumenta er tilgjengeleg i menyen til høgre.
Høyringsbrevet gir nærare orientering om DMF sine forventningar til høyringsfråsegna og vår behandling av søknaden.