Fossdal pukkverk i Åseral kommune – driftskonsesjon
Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard (DMF) har motteke søknad om driftskonsesjon etter minerallova § 43 frå Fossdal pukkverk AS for uttak på gbnr. 32/6 i Åseral kommune.
Det søkte konsesjonsområdet er på 41 daa. Innanfor dette området skal det berre tas ut massar i vest, dette området er omtrent 22 daa og kan sjåast i kart i høyringsvedlegget.
Det er anslege eit årleg uttak av fast fjell på omlag 25 000 m3 og eit samla uttak på 250 000 m3.
Delar av området er avsett til råstoffutvinning i kommuneplanen. Kommunen har gjeve dispensasjon frå kommuneplanens arealdel for utviding av massetaket, denne er gjeve med fleire vilkår.
Saka ligg no ute til høyring. Høyringsdokumenta er tilgjengeleg i menyen til høgre.
Høyringsbrevet gir nærare orientering om DMF sine forventningar til høyringsfråsegna og vår handsaming av søknaden.