Fossanmoen i Forsand kommune - driftskonsesjon

Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard (DMF) har fått inn søknad om driftskonsesjon etter minerallova § 43 fra Forsand Sandkompani AS.

Forsand Sandkompani AS søker om driftskonsesjon for Fossanmoen i Forsand kommune. DMF gjer merksam om at omsøkt område i søknadsskjemaet er noko unøyaktig. Av driftsplanen framgår det at omsøkt område er ca. 375 daa. Digitalisering av område i reguleringsplanen avsatt til råstoffutvinning viser at området er ca. 378 daa. Tiltakshaver anslår at totalvolumet for uttaket er 1 800 000 m3. Uttaksmenga vil variere med marknaden, men tiltakshavar antyder et forventa årleg uttak på 250 000 m3. Førekomsten høyrer til i kategorien grunneigar sine mineralar.

Ifølgje tiltakshavaren er førekomsten registrert som nasjonalt viktig i Regionalplan for byggeråstoff. Vidare viser tiltakshavaren til at førekomsten i området er av maksimal kvalitet for alle føremål, og at førekomsten difor er svært viktig. Massane består av 8-10 meter horisontale lag med sortert grus over skrålag av sand.

Området er i «Detaljregulering for Forsandmoen/Forsandåna» med planID 201602, vedteken i kommunestyret den 13. juni 2018, regulert til masseuttak.

Saka ligg no ute til høyring. Høyringsdokumenta er tilgjengeleg i menyen til høgre.

Høyringsbrevet gjev nærare orientering om DMF sine forventingar til høyringsfråsegnene og handsaminga vår av søknaden.

Høringsuttalelser
Send med epost til
Send med post til
Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard Postboks 3021 Lade 7441 Trondheim
Frist for å avgi høringsuttalelser
Torsdag, 6. desember 2018