Flatneset steinbrot i Ørsta kommune - driftskonsesjon

Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard (DMF) har motteke søknad om driftskonsesjon etter § 43 i lov om erverv og utvinning av mineralressurser (minerallova) frå Flatnes Maskin AS.

Flatneset er eit steinbrot lokalisert på gnr./bnr. 169/6 i Ørsta kommune. Det omsøkte området er om lag 36 dekar og går fram av kart på side 30 i høyringsvedlegget. Omsøkt område er regulert til «Steinbrot/Jord- og skogbruk», «Steinbrot/Industri, lager» og «Steinbrot/Fritidsbustader» i reguleringsplan datert 31.10.2006 med plan-ID RTK-0606-A og namn «Flatneset steinbrot Sæbø». Det er oppgjeve at førekomsten består av gneis som hovudsakleg vil nyttast til produkt innafor bygg- og anlegg og vegprosjektar. Det er estimert eit årleg uttak på om lag 10.000 m3 og eit totalt uttak på 280.000 m3.

Saka ligg no ute til høyring. Høyringsdokumenta er tilgjengeleg i menyen til høgre.

Høyringsbrevet gjev nærare orientering om DMF sine forventingar til høyringsfråsegnene og handsaminga vår av søknaden.

Høringsuttalelser
Send med epost til
Send med post til
Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard Postboks 3021 Lade 7441 Trondheim
Frist for å avgi høringsuttalelser
Tirsdag, 6. februar 2018